Hovedside
  Gudskontakten
- Veien til frelse
  Himmelnøkkelen
- Frelse på 10 minutter
  KONTAKT OSS
  Forbønn
  Møter
  Støtte til MJL
  Telekirken
  Bladet Legedom
  Produkter
  Vitnesbyrd
  Artikler
  Video
  Hvem er vi
    English
 

Evangelist
Svein-Magne Pedersen
Daglig leder i
Misjonen Jesus Leger


© 2018 Misjonen Jesus Leger. Kopiering av materiale fra dette nettstedet for bruk annet sted er ikke tillatt uten avtale

 
–Jesus retta ryggen

Takksam: – Eg har ikkje tal på alle gongane eg har takka Jesus for at han gjorde meg frisk, seier Harald Kleppe på Austevoll.
Harald Kleppe (82) fra Kleppe på Austevoll sleit med store smerter i ryggen, og forlangte operasjon. Men før han kom så langt, vart han «operert» av Jesus.

Tekst og foto: Håkon C. Hardtvedt

44 vintrar på storsildfiske har sett preg på den 82 år gamle fiskaren frå Austevoll. Ikkje minst vitnar hendene hans om det. Elles er han i svært god vigør for alderen. Men det har ikkje alltid vore slik.

Forsleit seg

– Eg har vore fiskar heile livet, seier den trauste Austevollingen.

Då eg for på sildefiske første gongen var eg berre 12 år gammal. Austevoll kommune hadde så dårleg økonomi den gongen at dei stoppa skulen i januar for å spara brensel. Far min skulle på storsildfiske. Då var det vanleg at det var to på kvart farty. Og sidan eg hadde fri frå skulen sa far: «Eg tek Harald med meg.» Så det året rodde eg lettbåt med far min på storsild-fiske, 12 år gammal, smiler Harald og minnest.

Det same skjedde året etter. Då og for eg med far, og sidan vart det 44 vintrar på storsildfiske etter einannan, legg han til.

Men under eir arbeid på «doryane» som dei brukte før i tida, forsleit Harald seg i ryggen, og han hadde mykje plagar av det før han kom seg til ein kiropraktor. Han retta ryggen, som stod som i ein boge til sida, seier Harald. Og kiropraktoren må ha gjort ein god jobb. Harald var «full mann», som han seier, i 20 år etter det.

Vondt igjen

Men for 8 år sidan, då han malte på huset, gjorde han ein uheldig vriding, og smertene slo til for fullt att. I fem år sleit han med dei. – Eg har vore arbeidsmann heile livet, og kunne ikkje godt leggja meg ned, seier den tøffe karen. – Men kvar gang eg skulle arbeida med noko, måtte eg bruka smertestillande. Så snart eg prøvde å bøya eller tøya meg for å gjera noko, var smertene der, og det var svært vanskeleg å nå ned med nevane når eg skulle ta opp noko.Smertene stråla frå fotbladet og heilt opp til ryggen.

Fotbladet var ikkje så heilt gale, men så vart det som om det stod ein verkesvull i tjukkaste leggen, ein i tjukkaste låret og ein i «revaskinko». Det er som om Harald kjenner smertene att når han fortel.

Smertene tok Harald Kleppe til Bergen og røntgenfotografering av av ryggen på Haukeland. Bileta viste at ryggen var skrøpeleg. Det var han og, og i lengda vart det tøft.

– Eg gjekk til distriktslegen og sa: «No greier eg ikkje dette lenger. No vil eg ha operasjon». «Då må vi ta nye bilete i ”computeren”,» fekk han vita. Det skulle skje ved juletider, men i mellomtida skjedde det noko.

Hadde sett TV- program om helbreding

– Eg hadde sett TV-programmet då Svein Magne Pedersen var gjest hos Per Ståle Lønning, og eg visste at han budde på Sørlandet. Kor han budde visste eg derimot ikkje. Men han ville eg ha kontakt med. No abonnerer eg på bladet «Evangelisten», og kanhende hadde dei, som hadde kontor i Kristiansand, peiling på kvar Pedersen heldt til?

Det hadde dei, og dei fann telefonnummeret og adressa hans til meg.

Så skreiv eg til Pedersen – og fekk svar. Han sende meg ein salveduk, eit tøystykke på ein 3–4 tommar i firkant. Det skulle eg leggja der det var vondt, og eg festa det med eit sikkerheitsnål slik at det vart liggjande der det skulle.

I byrjinga kjende eg ikkje nokon forskjell. Men etter ei tid, ein veke eller 14 dagar, hadde det likevel skjedd noko. Ein dag eg stod og hogde på ved, la eg plutseleg merke til at eg ikkje hadde noko slag vondt i ryggen. Det syntes eg var litt merkeleg, men god var eg! Så kom eg på salveduken, og takka Gud, seier Kleppe, enno med tårer i augo, sjølv om det no er tre år sidan dette skjedde.

Røntgenbiletet stadfesta at noko var skjedd

Røntgenbileta som han skulle ta, vart likevel tekne. Då eg spurde legen etter resultata av dei, kunne han fortelja at han hadde fått eit skriv frå Haukeland som sa at ryggen var heilt fin, heilt bein og heilt rett.

Eg fortalde då legen om kontakten eg hadde hatt med Svein–Magne Pedersen, og om salvedukane, og legen sa: «Denne mannen må vera ein reiskap i Guds hand.»

Og Harald sjølv er ikkje i tvil om det. – Ikkje alle kan vera med på at Gud kan gjera slike ting i dag, i og med at mange som blir bedt for ikkje blir frisk. Men eg veit kva eg har hatt, og veit korleis eg har det no. Dessutan finnast det røntgenbilete som viser korleis eg var før og etter forbøna. Eg kom ikkje til nokon operasjon på Haukeland.

Men «operasjonsinngrep» vart det likevel. Det var berre det at det var Jesus som stod for det, seier Harald Kleppe som bevega fortel at det ikkje er tal på alle gongane han har takka Jesus for dette.

Frelst under krigen

Harald vart kristen under krigen, og fortel korleis det gjekk til:

– Eg gjekk eit år og var kalla av Gud, og eg bad og mykje i denne tida. Ein dag sa eg til Gud. – No vil eg følgja deg! Men mennskefrykta var sterk, så det vart ikkje noko av det.

Men så kom det ein vekking hos oss, og ein søndag på eit «heimamøte» var me mange samla . Det vart bønemøte etterpå, og ein kom då og spurte om eg ikkje ville overgi meg til Gud. Då sa eg ja! – og no heldt det. Det har halde til denne stund – og eg har tru på at det vil halda så lenge eg lever, seier Harald Kleppe som trass i at han har vore ein slitar heile livet, føler seg veldig bra etter alderen. Eg har så å seia ikkje noko slags vondt nokon plass, legg han til.

Smertefri: 82-åringen tek handa i golvet, noko han no kan gjera utan smerter.

© 2018 Misjonen Jesus Leger. Kopiering av materiale fra dette nettstedet for bruk annet sted er ikke tillatt uten avtale.

SLIK KAN DU BLI HELBREDET
(Bok)

En veiviser til helbredelse av Svein-Magne Pedersen

De gode nyhetene om at Gud ønsker å helbrede alle mennesker fra alle sykdommer trenger å bli spredt viden om. Lenge har Svein-Magne gått og tenkt på å utgi en enkel og liketil bok om dette viktige emnet. Når dette leses, er den snart ferdig trykt og klar til salg.

Boken tar for seg de grunnleggende sannhetene om helbredelse. Opp gjennom kirkehistorien har teologien om helbredelse blitt utvannet og gjort kraftløs. Vi trenger derfor å trenge inn i Bibelens kilde til visdom om dette emnet. Boken rydder bort misforståelser og en feilaktig og svak teologi om dette emnet. Deretter gir den svaret på hva vi skal tro, hvordan vi skal tro og hvordan vi skal ta imot Guds sjenerøse gave. Punkt for punkt blir du veiledet inn i Guds rike skattkammer av visdom som du trenger å kjenne til for å motta din helbredelse.

Mot slutten av boken er det to bønner om helbredelse som du kan be, samt et bilde av Svein-Magnes hånd. Flere kan vitne om at de er blitt helbredet ved å be disse bønnene eller ved å legge sin hånd mot Svein-Magnes hånd – eller ved å legge hans hånd mot det syke sted. Det kan også du gjøre og forvente et mirakel fra Gud.

Boken Slik kan du bli helbredet er nøkkelen som du trenger å kjenne til for kunne bli frisk.


Les mer


Gud vil at jordens folk skal kjenne ham som underets Gud:

Du er en Gud som gjør under. Du har kunngjort din styrke blant folkene.
Salme 77:15